Fotballturnering i Florø.
Fredag 14. mars til
sundag 16. mars - 2014

Generelle anbefalingar

Turneringa fylgje NFF sine anbefalingar for barnefotball. Det skal spelast 5'ar-fotball, det vil seie 4 utespelarar pluss målvakt. Kvart lag kan ha ubegrensa med innbyttarar, men laga vert oppfordra til å la alle få spele så mykje som mogleg. NFF anbefalar at ein ikkje er fleire enn 7 spelarar på eit 5'ar lag.

Meir informasjon om barnefotball finn du i NFF si brosjyre Barnefotballbrosjyra 2010.

Start og stopp i spelet

Kampane vært starta og stoppa med eit signal, styrt av sekreteriatet. Lag må vere på plass i god tid før kampen starter. Det er 2 minutts mellomrom, mellom kampane. Det nyttast innspark når ballen går ut over ei sidelinje. Det spelast med corner i alle klassar. Det er ikkje høve til å skyte direkte frå avspark.

Det vært nytta innspark i staden för innkast, men det er ikkje lovleg å skyte eit innspark direkte i mål.

Målvakt

Vi fylgjer ikkje tilbakespelsregelen i nokon klassar. Målvakta kan såleis plukke opp tilbakespel frå medspelarar. Det er ikkje lov å kaste eller skyte ballen over midtstreken. Målvakta skal etterstrebe å sette i gong spelet så raskt som muleg.

Om eit utspel går for langt, blir motstandarlaget idømt friskpark på midtstreken.