Fotballturnering i Florø.
Fredag 14. mars til
sundag 16. mars - 2014

Turneringsleiinga

Om Statoil Veslefrikk

Den første Veslefrikk-turneringa blei arrangert heilt tilbake i 1990. Den eldste klassa har alltid vore 12 år, noko som kler turneringsnamnet.

Eit av oljefelta i Nordsjøen ber namnet Veslefrikk, noko som gjorde Statoil til ein naturleg samarbeidspartnar. Heldigvis for turneringa har Statoil vore med som sponsor, heilt frå oppstarten for 23 år sidan.

Veslefrikk vert arrangert av Florø fotball, og turneringa spelast i storhallen på Florø idrettssenter. Dette betyr at det ikkje er naudsynt å kontrollere véret på YR før de pakkar bag'en. I tillegg til ein ypperleg fotball-hall har også idrettssenteret gode fasilitetar for publikum. Kaféen held opent under heile turneringa, og der får ein kjøpt både søtsmakande kortvarige energi-tilskot og mat av meir bestandig karakter.

For å kunne gjenomføre ei turnering av slik storleik, er klubben avhengig av innsatsen frå frivillige. Vi vil derfor på førehand takke eit hundretals hjelparar, for at dei endå ein gång bidrar til at Veslefrikk gjer oss alle ei super fotballhelg.

Da står det berre att å ønske alle hjarteleg velkomen til Florø.